Segel ASLogo
English / Norsk

Vår visjon:
Fremst i
realisering av
bærekraftig
profitt

Områder:
- Marin
- Miljø og energi
- Opplevelse
- Vekst

Kontorer:
Øyane 11 - Nordfjordeid
Gate 1 nr 119 - Måløy
Borgundvegen 340, Ålesund


Datterselskap:
Segel India

Login Segel ResOp

FoU og innovasjon i sjømatnæringa

Ja, verdiskapingspotensialet innanfor sjømatnæringane er enormt!  Men korleis kjem vi dit i praksis?  Kva potensiale er det for di sjømatverksemd, og korleis kan den bidra til, og ta del i denne veksten?

På kva måte satser di sjømatverksemd på innovasjon?

verdiskaping basert på produktive hav

 

«Verdens fremste sjømatnasjon» har høge ambisjonar om verdiskaping og velferd med basis i sjømatnæringane (Meld. St. 22 (2012-2013). Meldinga byggjer blant anna på NTNU sin rapport «Verdiskaping basert på produktive hav i 2050».  Det globale behovet for mat generelt, og auka etterspurnad etter sjømat spesielt, vil vere viktige krefter som kan drive fram ei kraftig auke av verdiskapinga i marin sektor i Noreg.  Norsk sjømatnæring kan spele ei viktig internasjonal rolle.  Målet er ei omsetning på 550 milliardar kroner i 2050.  Den store auka i verdiskaping vert ikkje nådd gjennom berre å produsere meir av det vi gjer i dag.  Det vert avgjerande å prioritere innovasjon og nytenking i alle ledd i verdikjeda frå fjord til bord.

Kven skal utløyse potensialet?

«Forsking er kroner som gjev kunnskap, innovasjon er kunnskap som gjev kroner»

Det er ingen automatikk i at ny kunnskap og forsking gjev innovasjon.   På same måte er det opplagt at nokon av dagens utfordringar som må løysast for å vekse vidare krev systematisk forsking som grunnlag for innovasjon.  Men for at denne innsatsen skal vere målretta er det viktig at sjømatverksemdene er aktive.

Det korte svaret på spørsmålet ovanfor er difor at potensialet utløysast i eit samspel mellom næringa og innovasjonssystemet.

Skal mi bedrift satse på innovasjon?

Innovasjon har vore og vil vere avgjerande for vidare vekst. Spørsmålet her blir difor feil.  Spørsmålet er ikkje skal/skal ikkje, men heller kva rolle skal ein ta innanfor innovasjon i næringa/ i eit større nettverk.

Ser ein til dømes i oppdrettsnæringa, er nesten «alle» involvert i prosjekt for å løyse utfordringa med lakselus.  Det er prosjekt for å førebygge påslag av lus, og prosjekt for å behandle. Dette er naturleg med tanke på den biologiske situasjonen, kombinert med regelverket som gjeld, og dei politiske føringane og føresetnadane om vekst.  Difor er oppdrettarar involvert i prosjekt med eit mangfald av teknologileverandørar som vil utvikle den vinnande løysinga, og dei mottar stadig invitasjonar inn i nye prosjekt med nye løysingsforslag som skal utviklast.  Det er svært positivt med høg innsats for å løyse eit felles problem.  Men nokon spørsmål bør ein likevel stille seg:

  • Har vi ein klar strategi? Eller er det meir «tilfeldig» kva prosjekt vi vert involvert i?
  • Satsar ein på prosjekt som passar til verksemda sin kompetanse?
  • Er vår prosjektportefølje balansert med omsyn til tidsperspektiv og risiko?
  • Er det ei fare for at det går prestisje i å vinne fram med «eiga» løysing, slik at ein vert blind for andre og betre løysingar?
  • Blir det eit for einsidig fokus, der innsatsen totalt sett vert for lav på andre viktige områder?

Kvifor FoU-strategi?

Risikomoment ein må vere merksam i innovasjonsarbeid er at ein brukar ressursane på dei retta prosjekta, og har den rette miksen på prosjekt. Men det hjelp ikkje å ha dei gode prosjektideane dersom dei sviktar i gjennomføringa. Ein må difor ha eit godt system for å handtere prosjektporteføljen og ha kontroll over behovet for ressursar (den daglige drifta med produksjon krev jo sitt).  Ein bør også evaluere måloppnåing og oppfølging av strategien, samt evaluere strategien i seg sjølv.

Formålet med ein strategi er enkelt og greitt ein plan for korleis ein skal vinne.  I notatet «Creating an R&D Strategy» avsluttar Pisano med å føreslå at det fyrste spørsmålet ein må svare på når ein skal utvikle ein strategi er: kva er vår felles forståing av rota til problemet vi prøver å løyse?

tenester fou og innovasjon

Erfaring tilseier at framtida er uforutsigbar og vil by på utfordringar og moglegheiter ein ikkje kjenner i dag. Slik sett kan ein som Pisano seie at at «alle strategiar er veddemål».

Men, den som er førebudd har større sjanse til å utnytte moglegheiter som dukkar opp, eller utfordringar som kan komme. «Chance favors the prepared mind» – sa Louis Pasteur.  Gjennom prosessen med å utvikle ein FoU-strategi vil ein oppnå at ein får ein endringsberedskap innanfor innovasjonsarbeidet. Ein FoU-strategi vil også vere eit hjelpe- og styringsverktøy for å berekne risiko og moglegheiter for gevinst i ulike prosjekt.  Det skal vere eit prioriteringsverktøy som bidrar til at innovasjonsarbeidet er mest mogleg formålstenleg for eiga verksemd.