Segel ASLogo
English / Norsk

Vår visjon:
Fremst i
realisering av
bærekraftig
profitt

Områder:
- Marin
- Miljø og energi
- Opplevelse
- Vekst

Kontorer:
Øyane 11 - Nordfjordeid
Gate 1 nr 119 - Måløy
Borgundvegen 340, Ålesund


Datterselskap:
Segel India

Login Segel ResOp

Forsking og utvikling i sjømatnæringa

FHFNår ein snakkar med aktørar innan sjømatnæringa i Sogn og Fjordane er det imponerande å høyre kor mykje utviklingsarbeid som faktisk føregår! For mange kan det likevel vere nyttig å vite meir om moglegheitene som finnast gjennom virkemiddelapparatene.

No får ein eit godt høve til det!  Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF)  inviterar til gratis kurs i FoU og virkemiddelbruk spesielt tilrettelagt for sjømatnæringa. Segel er lokal samarbeidspart for FHF i samband med kurset.  Vi ynskjer å lage ein møteplass for ulike aktørar i næringa, virkemiddelapparatet og forskinga. Ikkje minst er målet at dette vert ein møteplass der ein kan utveksle erfaringar og ta tak i eigne prosjekt.

Kurset gjev ei innføring i korleis ein kan bruke forsking og utvikling i eiga verksemd for å auke innovasjon og lønnsemd, og korleis sjømatverksemdene kan nytte virkemiddelapparatet effektivt. Vi tek utgangspunkt i konkrete utfordringar bedriftene har.

Kurset går over to lunsj-til-lunsj samlinger;

Første samling: 12. – 13. mai i Måløy
Andre samling: 16. – 17. juni i Florø

Påmeldingsfristen er 27. april!

Program og påmelding

Ta kontakt om du har spørsmål.