Segel ASLogo
English / Norsk

Vår visjon:
Fremst i
realisering av
bærekraftig
profitt

Områder:
- Marin
- Miljø og energi
- Opplevelse
- Vekst

Kontorer:
Øyane 11 - Nordfjordeid
Gate 1 nr 119 - Måløy
Borgundvegen 340, Ålesund


Datterselskap:
Segel India

Login Segel ResOp

Fossefall – eit naturleg verktøy mot lakselus

Førebygging vil alltid vere beste strategi mot problem som lakselus. Men når behandling er naudsynt er det behov for verktøy som gjev minst negative konsekvensar for både fisk, folk og miljø. Segel AS har bidratt til at ideen til Sven Jørgen Strømmen, dagleg leiar i K. Strømmen Lakseoppdrett, har blitt testa med finansiering frå FHF (Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond). Fyrste utgåve av prototypen vart bygd i Nordfjord og frakta til Havforskingsinstiuttet sin stasjon i Matre.  Har vart det gjennomført testing med omsyn til avlusingseffekt og fiskevelferd.  Resultata er oppløftande!

 

Førebygging vil alltid vere beste strategi mot problem som lakselus. Men når behandling er naudsynt er det behov for verktøy som gjev minst negative konsekvensar for både fisk, folk og miljø. Ferskvatn er eit naturleg middel mot lakselus, og det er kjent at fisk frå naturen si side kan avluse seg sjølv ved å gå opp i ei elv.  Ferskvatn blir brukt i aukande grad i næringa, og fleire brønnbåtar er utstyrt spesielt for å kunne gjennomføre ferskvassbehandling.  Bakgrunnen for ideen er ei erkjenning om at ferskvatn likevel ikkje er effektivt nok aleine.  Det var difor ynskeleg å utvikle ei mekanisk påverknad som kunne auke effekten og samtidig redusere behandlingstida.  Eit absolutt krav til løysinga er at fiskevelferden må ivaretakast slik at fisken er robust mot sjukdomar, og har god tilvekst.  I forsøket oppnådde ein betre avlusingseffekt på 3 timar ferskvassbehandling med foss, enn på 8 timar ferskvassbehandling.  Fisken vart overvaka i 14 dagar etter forsøket, og det var ikkje funne dødeligheit, eller skadar på fisken relatert til fossen.  På FHF sin konferanse om medikamentfri lakseluskontroll vart resultata frå Fossefall I lagt fram av forsker Thomas Torgersen i eit eige føredrag.  Du kan også laste ned rapporten her: FHF prosjekt 901233  Segel, K. Strømmen Lakseoppdrett og Havforskingsinstituttet har vore i prosjektgruppa.  I styringsgruppa satt Ragnhild Aukan (Lerøy), Marianne Elnæs (Marine Harvest) og Sven Jørgen Strømmen.

Ferskvassbehandling er ein miljøvennleg metode, men den er både tidkrevjande og byr på logistikkutfordringar.  Dersom testresultata frå «Fossefall» kan oppnåast i ein fullskala test betyr det at behandlingstida kan reduserast frå dagens 6-8 timar, til 3 timar med betre effekt.  Kortare behandlingstid har mange fordelar:

Sven Jørgen Strømmen, dagleg leiar K. Strømmen Lakseoppdrett, monterer fyrste prototype av Fossefall i Matre før testing. Ein av dei avgjerande faktorane for suksessen i dette prosjektet er at utvikling og uttesting er skjedd i tett dialog og samarbeid mellom dei ulike partane. På denne måten har ein sikra at ein fekk testa ut det ein ville teste ut, meinar Paul Jacob Helgesen i Segel AS.

Sven Jørgen Strømmen, dagleg leiar K. Strømmen Lakseoppdrett, monterer prototype i Matre før testing. Ein av dei avgjerande faktorane for suksessen i dette prosjektet er at utvikling og uttesting er skjedd i tett dialog og samarbeid mellom dei ulike partane. På denne måten har ein sikra at ein fekk testa ut det ein ville teste ut, meiner Paul Jacob Helgesen i Segel AS.

  • mindre stress på fisken
  • høgare beredskap med miljøvennleg metode
  • gjenbruk av vatn kan truleg doblast på grunn av kortare behandlingstid, det gjev ytterlegare effektiviseringsgevinst og,
  • lågare kostnad på behandling av lakselus i næringa.

K. Strømmen Lakseoppdrett har nedfelt i sine miljømål at dei skal arbeide:

  • Målretta mot å produsere sunn og berekraftig laks
  • Aktivt og effektivt for å løyse lakselus – problematikken
  • Målretta mot å avskaffe all type behandling av laks som kan skade miljøet
  • Aktivt for å finne betre, smartare og berekraftige løysingar

Fossefallprosjektet er eit av prosjekta selskapet gjennomfører i tråd med dette målet.

Dei vidare planane

Før metoden skal testast fullskala skal ein finne ut kor kraftig «fossefall» kan vere utan å gje negativ påverknad på fisk, og finne kva avlusingseffekt det gjev.  Saman med K. Strømmen Lakseoppdrett og Havforskingsinstiuttet har Segel AS arbeidd med å organisere neste fase med finansering frå FHF til dette arbeidet.  Nyleg fekk vi avklare at dette er på plass!  Noko som også er spennande er at «fossefall» kan ha andre bruksområder, og fungere som ein kombinasjonsmetode med andre metodar/middel enn ferskvatn.

 

paul 2 (2)

 

 

 

 

 

 

 

For meir informasjon ta kontakt med Paul Jacob Helgesen, Segel AS – tlf. 48 99 83 83