Segel ASLogo
English / Norsk

Vår visjon:
Fremst i
realisering av
bærekraftig
profitt

Områder:
- Marin
- Miljø og energi
- Opplevelse
- Vekst

Kontorer:
Øyane 11 - Nordfjordeid
Gate 1 nr 119 - Måløy
Borgundvegen 340, Ålesund


Datterselskap:
Segel India

Login Segel ResOp

Styrking av reiselivet – felles reisemålsselskap

Etter innspel frå kommunane i Sogn tok Sogn regionråd opp ballen og sette i gang eit prosjekt med formål å sjå på ei ny reiselivsorganisering i Sogn. Synnøve Aabrekk i Segel har leia dette arbeidet, og i mars vart rapporten lagt fram og presentert for regionrådet.

Det har vore ein grundig prosess; – alle dei tilsette i eksisterande reiselivsselskap er intervjua, vi har utarbeida skjema for kartlegging av både ressursar og økonomi, og vi har gjennomført workshop med over 40 representantar frå reiselivsnæringa i heile Sogneregionen.  Saman har vi kome fram til sterke/svake sider ved dagens organisering, samt truslar og mulegheiter for eit framtidig sterkt selskap i Sogn.  Vi har diskutert fleire modellar, og har kome fram til kva faktorar som vil vere viktige i ein Sognemodell.

Saman med statistikk frå SSB har dette danna grunnlaget for innstillinga som no ligg føre: Etablering av eit nytt destinasjonsselskap som inkluderer kommunane Årdal, Lærdal, Aurland, Luster, Sogndal, Leikanger, Vik, Balestrand og Høyanger.

Les mer:

http://www.distriktssenteret.no/informasjonssider/2012/01/ny-kurs-for-reiselivet-i-sogn