Segel ASLogo
English / Norsk

Vår visjon:
Fremst i
realisering av
bærekraftig
profitt

Områder:
- Marin
- Miljø og energi
- Opplevelse
- Vekst

Kontorer:
Øyane 11 - Nordfjordeid
Gate 1 nr 119 - Måløy
Borgundvegen 340, Ålesund


Datterselskap:
Segel India

Login Segel ResOp

Sjømatnæringa vil skape, utvikle og vekse

For Segel er blå sektor og sjømatnæringane eit satsingsområde i tråd med visjonen for selskapet «best på realisering av berekraftig profitt».  Denne sektoren har alltid vore viktig for Noreg, og det har vore jamn vekst i verdiskapinga i mange år.  Dei fornybare ressursane frå havet både frå fiskeri- og havbruksnæringa er svært viktig for Noreg sin velferd i framtida.  Dette blir spesielt tydeleg for alle når er vi vert minna på at oljen ikkje vil vere motoren i norsk økonomi for alltid.

Segel har samarbeidd med Fiskeri- og havbruksnæringa sitt forskingsfond (FHF) om å tilby kurs i FoU og virkemiddelbruk spesielt tilrettelagt for sjømatnæringa i Sogn og Fjordane.  Næringa var representert på kurset frå akvakulturselskap, utstyrsleverandørar, fiskeri og fiskeindustri, blåskjell, mikroalgeproduksjon m.m.  Målet med kurset  var å lage ein viktig møteplass mellom desse aktørane og virkemiddelapparatet og forskinga.  Ein stad å utveksle erfaringar og ta tak i eigne prosjekt.

Fyrste samling var i Måløy i mai, der deltakarane fekk lunsj henta frå havet og laga til av elevane på høvesvis blå naturbruk og matfag. Ein fekk også oppleve blikkstille hav i Sildegapet sør for Stadt, og å segle gjennom Stadt skipstunell i skipssimulatoren.

På veg mot opninga av Stadt skipstunell

På veg mot opninga av Stadt skipstunell

Dag Lote, Forskingsrådet / Innovasjon Norge holdt eit engasjerande innlegg, der bodskapet var at det finnast alltid finansieringsløysingar for gode prosjekt.

Dag Lote, Forskingsrådet / Innovasjon Norge holdt eit engasjerande innlegg, der bodskapet var at det finnast alltid finansieringsløysingar for gode prosjekt.

Jan Brekke frå Sogn Aqua, og Trond Inge Kvernevik frå AS Fiskevegn holdt innlegg om sine erfaringar frå arbeidet med FoU, og bruk av virkemiddelapparatet.  Dette var interessant både for bedriftene og virkemiddelapparatet å høyre om.

Utover det å lære om virkemiddelapparata var hovudformålet med kurset å jobbe med eigne prosjekt i grupper.  Det var kanskje litt som fyrste dag på ungdomsskulen å skulle dele sitt prosjekt i gruppa, men etter ein kom i gang var det ikkje så skummelt likevel!

Andre samling var i Florø og i all hovudsak vart det arbeidd vidare med prosjektideane til deltakarane, og gruppene gjorde ein god jobb med å strukturere opp prosjekta og identifisere problemstillingane og forskingsspørsmåla på ein god måte.

Noreg er eit lite land, men vi er store på sjømat.  Ambisjonane er å bli verdas fremste sjømatnasjon!   Dette krev full utnytting av potensialet for verdiskaping basert på dei marine ressursane.   Ein av føresetnadane for dette er forsking og utvikling.  Ca 25 personer inkludert virkemiddelapparatet og forsking deltok på kurset.  Utover dette veit vi at mange andre sjømat-bedrifter i Sogn og Fjordane driv med utviklingsarbeid og har tankar og idear som ein ikkje har kapasitet til å realisere.  For mange er tidsklemma ei stor utfordring når det gjeld å ta i bruk virkemiddelapparata.

Det er heilt klart potensiale for at meir av midlane som er satt av til FoU kunne gå til gode prosjekt i Sogn og Fjordane!

Astri Pestalozzi, Prosjektleiar Kompetanseprogram-FoU, FHF, oppsummerar kurset på siste dag i Florø.

Astri Pestalozzi, Prosjektleiar Kompetanseprogram-FoU, FHF, oppsummerar kurset på siste dag i Florø.

Formidlingsleiar Anne Bakke på Kystmuseumet gjennomførte ei interessant omvising, der alle fekk ei god påminning om at dei også var oppfinnsomme i gamle dagar!

Formidlingsleiar Anne Bakke på Kystmuseumet gjennomførte ei interessant omvising, der alle fekk ei god påminning om at dei også var oppfinnsomme i gamle dagar!